Våre Bruvik Jubileums-modellar er skattefrie jubileumsgåver

Bruvik Jubileum


I Norge har me lange og gode tradisjonar med å hylla tilsette som har hatt samme arbeidsgjevar i 20 år eller meir. Dette blir markert med at firmaet gjev jubileumsur til jubilantane. I tillegg ser me at fleire nyttar klokker som motivasjonsgåver, firmajubileum og markering av runde dagar etc. I den samanheng såg me behovet for eit meir elegant og tradisjonelt armbåndsur, som samtidig hadde eit moderne uttrykk. Dette meiner me den norske gründer og klokkedesignar, Rune Bruvik, har løyst på ein framifrå måte.

Garanti


Bruvik Jubileum vert gjeve med 3 års garanti mot produksjonsfeil.
Voss Ur & Design har 2 urmakar-meistrar som tek seg av service etc.

Gravering


Alle Jubileumsklokkene vert om ynskjeleg levert med gravering av namn og logo, såleis skal alt som skal graverast sendast skriftleg for å unngå feil gravering. Gravering namn, logo og kommunevåpen.

Levering


Alle ura vert levert i gåveetui. Service og rask levering er det me jobbar etter. Bestillingar motteke innan kl. 12.00 vert sendt same dag. Skal ura graverast så vert dei sendt seinast neste dag etter at korrektur er godkjent.

Skattegrensar for gåver


Frå 1. januar 2019, vart det innført nye reglar for tildeling av gåver til tilsette. I utgangspunktet er gåver til tilsette skattepliktige, men det fins nokre unntak:


Gåve på inntilkr 8000,-, for lang tenestetid:

  • Gjeld første gong ved 20 års tenestetid, deretter kvart 10. år
  • Årleg: Belønningsgåver, motivasjonsgåver, julegåver etc:kr 5000,-


Gåve på inntilkr 4000,-, kan gjevast når:

  • Bedrifta fyller 25 år, eller der antal år er deleleg med 25
  • Jubilanten gifter seg eller 50, 60, 70 eller 80 år
  • Mottakar går av med pensjon, eller sluttar av anna grunn etter minst 10 år i bedrifta