Image
Bruvik Fine Timepieces Fjord

Bruvik Fine Timepieces, har med den flotte urserien, Fjord, begeistra både nasjonalt og internasjonalt. Fjord gav ein frisk pust inn i urbransjen, og dette har ikkje gått upåakta hen i pressa heller. Damemodellen Lady Fjord, var i 2014 finalist i konkurransen European Watch of the Year, og har fått mykje omtale i magasin verda rundt.

Det mest unike ved Fjord-modellane er baklokket, som har innkapsla norsk fjellvatn. Her har designar Rune Bruvik sjølv henta vatn frå toppen av Langfossen i Åkrafjorden, for så å bruka dette i klokkene sine. Fjord finst i fleire ulike utføringar. Me har valt å ta med ein herre og ein damemodell i vårt sortiment . Desse modellane vil vera noko nytt i segmentet B2B, og vil såleis vera ei gåve utanom det vanlege. Her vil leveringstida verta litt lenger enn for Bruvik Jubileum modellane.

Kontakt e-post RING 954 45 700
Våre Bruvik Fjord modellar

Image