Lommeur
sølv

Lommeur i sølv


Lommeuret er fint tilbehør til bunaden. Det skal liggja i vestelomma, med kjede festa i eit av knapphola i vesten. Dette uret er i 925 sølv. Me har også tilsvarande ur i krom.
Lommeuret har mekanisk opptrekk. Det vil sei at uret må trekkjast opp, og rettast manuelt.


Image Image

Lommeur i 925 sølv, veil:

7.540,-

inkl. mva


Kvalitet

  • Dobbelkapsla
  • Mekanisk opptrekk
  • Klassisk hesalite glas, slitesterkt kvalitetsglas 50 mm i diameter
  • Romertal på talskiva
  • 2 års garanti mot produksjonsfeil
  • Graveringsfelt
  • 925 sølv

Lommeuret har mekanisk opptrekk. Fordelen med mekanisk urverk, er at du ikkje går tom for batteri, når du hentar fram bunaden din til 17. mai, store anledningar eller til kvardagsbruk. Kanskje du også har gode minner om bestefar, som hadde fast morgonrituale med å trekkja opp klokka si?

Garanti og service

Lommeur vert gjeve med 2 års garanti mot produksjonsfeil.

Men OBS OBS: Det er viktig at du ikkje trekkjer uret for langt opp, då ryk fjøra, og det er ikkje ei garantisak. Stopp når du møter litt motstand.


Voss Ur & Design har 2 urmakar-meistrar som tek seg av service etc.

Gravering

Alle lommeur vert om ynskjeleg levert med gravering av initialar. Alt som skal graverast skal sendast skriftleg for å unngå feilgravering. Gravering av initialar kr. 170,-

Levering

Alle ura vert levert i gåveetui. Service og rask levering er det me jobbar etter. Bestillingar motteke innan kl. 12.00 vert sendt same dag. Skal ura graverast så vert dei sendt seinast neste dag etter at korrektur er godkjent.

Image